Andre enn meg som skal? Eg går ut frå at Novi ikkje skal på kampen, sidan han ikkje er i stand til å lese verken skilt eller ferjeruter her nede (og sånn som han hadde slitt med kampprogrammet), jamfør denne posten:
Men nok om det; Kjekt å vite om andre skal, eller om eg må stå aleine på bortesupporterfeltet. Kan i samband med det melde at GLISS (Glimt i Søre Sunnmøre) har tenkt å nytte høvet til å feire opprykket med ein enkel plakat, sjølv om opprykket teoretisk fortsatt kan ryke. Vi (eg) er ikkje så opptatt av den teorien.Novi wrote:Dude....google translate tar ikke den der.bjornagain wrote:Alle lag har minst ein downperiode i løpet av ein lang sesong. Spørsmålet for Glimt sin del er når den kjem, kor lang den blir og kva lag vi speler mot då. Men ut frå all statistikk ser det bra ut no. Eg har veldig lyst å tenke opprykk, men gjør alt eg kan for å halde att...
Kan elles melde om ei fin (natur)grasmatte på Høddvoll, med alle moglegheiter for å spele lekker angrepsfotball av beste Glimtmerke. Ber på mine kne om at dette IKKJE er kampen der Glimt sin imponerande sigersrekke blir broten. Det hadde jo vore meir enn typisk.
Hødd hadde ein god vårsesong, men hadde ein trøblete periode etter støy rundt Europacup-kampane sine (visumsaka) og tap av nøkkelspelarar (Akeem Latifu til AaFK og Pål Andre Helland til RBK). No ser det ut som dei har skjerpa seg litt i det siste, med to sigrar på dei tre siste kampane. Dei har ein del spelarar på skadelista (Vegard Heltne, Erik Sandal og Victor Grodås, for å nemne tre av dei som spelte cupfinalen for Hødd, samt Rune Ertsås), pluss at Fredrik Aursnes (som vart tidenes yngste cupvinnar i ein alder av 16 år) må sone mot Glimt etter at han fekk sitt tredje gule for sesongen sist søndag mot Strømmen. Med sine 33 poeng er Hødd absolutt med i kampen om kvalifiseringsplass, og MÅ IKKJE UNDERVURDERAST på Høddvoll! (Slik Glimt har hatt tendens til før...)
Elles er eg spent på kor prega Glimt blir av dei raude korta etter blodbadet på Elverum….?